Informasjon fra Bømlo Kunstlag:
Amatørutstilling sommeren 2009
Tema fra â€Miss Saigonâ€Â
â€War isn´t over when it endsâ€
I høve Bømlo Musikallaug si oppsetning av Miss Saigon i Moster Amfi i august 2009, vil Bømlo kunstlag lage til ei amatørutstilling i kunstlaget sitt utstillingslokale i kulturhuset. Me vil utfordre kreative sjeler på Bømlo til å utfalde seg med eigne uttrykk rundt eit tema/setning frå originalteksten i Miss Saigon:
â€War isn´t over when it endsâ€
(Krigen er ikkje over når freden kjem)
.
Kunstlaget håpar no at det utover våren vert jobba med dette tema på mange staffeli rundt om i kommunen. Kanskje nokon har ynskje om å uttrykke seg i andre teknikker og? La fantasien få utløp! Utstillinga er planlagt i tidsrommet 25. juli til 16. august 2009.
.
Dersom du lurer på om du vil vera med, men syns det er vanskeleg å vita korleis du skal gripe temaet an, kan det vera lurt å idémyldre saman med andre kreative sjeler, er vår erfaring. Difor vil me ha eit idémyldringsmøte den 1o. mars i kulturhuset. Slik kan me hjelpa kvarandre over første «bøygen», og samstundes informera meir om sjølve prosjektet.Â
Vi vil gjerne ha påmelding så snart som mogleg for å lodde interessa ute blant folk. Det vil naturleg vere ein føresetnad at vi har nok påmeldte for å kunne arbeide vidare med planane. Ein kan melde seg på med eit eller flere arbeid. Ein jury vil setje saman og montere utstillinga. Alle vil få med minst eit arbeid.
.
Håpar mange tek utfordringa, slik at vi kan få til ei variert og spanande utstilling av og med lokale utøvarar!
Vil du delta eller få meir informasjon-
kontakt oss:
mob: 95245462
innen 15 mars
.

.
Presseoppslag:
Innsida:Â http://innsida.no/article/20090221/KULTUR/201989468/1019
.